Sunnmøre museum
På Sunnmøre museum er det samla ei stor mengd bygningar frå heile regionen som fortel om byggeskikk og levde liv.
Husa har vore flytte frå sine opphavelege stader og sette opp igjen i friluftsmuseet. Husa er i hovudsak frå perioden 1600-1900.
Hus på Sunnmøre var knytt til gardsbruk og sjøbruk. Nærast smålåtne å sjå til, grå og låge, men lagt fint inn i terrenget.
Dette er fiskarbonden sine hus. Her på Nord-Vestlandskysten, midtvegs mellom Bergen og Trondheim, var det langt mellom dei store og staselege husa: handelsstadene og tettstadene sine hus og husa på prestegardane.
Folkelivsgranskaren Eilert Sundt skreiv i 1856:
"Når man reiser med dampskibet langs de bergenske kyster, ser man hist og her en embedsgård eller et handelssted, en vakker samling hvidmalede huse; men rundt omkring sees klynger av lave, mosegroede, torvtækte huse. Man skjælner dem vanskelig fra de grå, firkantede klippestykker, som fra de nære fjeld er rullede ned på marken."
Livsvilkåra på Sunnmøre har vore harde og strenge. Den steinete jorda har krevd mykje slit og gitt att. Folk flest kombinerte gardsbruk og fiske for å livnære seg. Båten var viktig både til fiske og som kommunikasjonsmiddel mellom bygdene.
Naturtilhøva, næringsgrunnlaget og eigedomstilhøva har vore med og forma husa på Sunnmøre. Det vart funksjonelle hus, men sjeldan praktbygg.
DYBHUSET - KLAUS NILSENS GATE 11, ÅLESUND 1879
Les meir
Huset vart bygd på Buholmen i Ålesund i 1879. Det var to familiar frå Godøya som fekk bygd huset: Arnt Ystenes og kona Marta Ystenes, og Ole Kristiansen Dyb og kona hans Petrine Severine Larsdatter Dyb (f. Alnæs). Ole var født i 1847 og Petrine i 1852. Byggmeistaren var frå Godøya.
Ole Kristiansen Dyb var fiskar, slik som dei fleste som slo seg ned og blei fastbuande på Buholmen. Dette var folk som flytta frå bygdene til byen.
Husa på Buholmen blei ikkje øydelagde av bybrannen i 1904. Buholmhuset er derfor eitt av dei eldste husa vi kjenner frå Ålesund. Men i 1978 blei husa på Buholmen rivne for å gi plass til den nye innfartsvegen til Ålesund.
Svært mange av husa i Ålesund såg ut slik som Dybhuset før byen brann i 1904. Slike hus var det òg vanleg å byggje andre stader på sunnmørskysten frå 1840-åra: på Godøya, Giske, Valderøya, Vigra og Haramsøyane.
Huset er bygd (lafta) av tømmer, og er kledd med panel både utvendig og fleire stader inne. Midt i huset er gang og kjøkken, og på kvar side er det ei stove og eit kammers.
Når vi kjem opp trappa, er det soverom og kott ut til kvar side.
Midtrommet oppe veit vi blei brukt til skomakarverkstad av ein av dei som budde i huset i 1910.
Les også artikkelserien Buholmen - ein serie i fem delar
ÅTTRINGSNAUST - GRYTASTRANDA, HARAM 1850
Les meir
Gardbrukarane på Sunnmøre måtte ha naust til båtar og vegn, og det var naust på dei fleste gardane.
Nausta var bygd i stavverk slik som dei gamle løene. Størrelsen var tilpassa båten. Den vanlegaste båten på gardar som dreiv torskefiske var åttringen, og naustet vart kalla åttringsnaust.
Dette åttringsnaustet er frå Holmeset på Grytastranda. Etter tradisjonen skal naustet vere bygd kring 1850.
LARSNESBUDA - LARSNES, SANDE 1889
Les meir
«Larsnesbuda» eller «Seljesetbuda» vart bygd på Haugen ved Larsnes i Sande kommune i 1885.
Sjølve handelsbuda var innreidd i landenden av sjøbua, med disk og hyller. Det var òg innreidd to små rom for lager og kontor.
På enden mot sjøen har huset vindehjul for å heise opp fisk og varer frå båt. Denne delen av buda vart nytta til innkjøp og salting av fisk.
I 1866 kom lova som opna for fri handel på bygdene. Kvar ustraffa nordmann kunne no løyse handelsbrev hos lensmannen, og starte handel der han ville. Høg skatt skulle likevel hindre at det blei starta fleire krambuer enn det var bruk for på bygdene.
Den gongen sjøvegen var viktigaste kommunikasjonsåra, låg Larsnes sentralt til som dampskips-stoppestad og handelsstad. Fram til første verdskrigen var det òg brennevinshandel her.
Hans Einarson Haugen (1857-1899) fekk skøyte for garden Haugen, Saude Ytre (gnr. 86 bnr 5) i 1885 for kr. 2200. Same året bygde han ny løe på garden, og eit forretningsbygg med butikk og bakeri i kjellaren. Huset var tekt med bordsutak og raud teglstein. Dessutan bygde han eit tredje hus same året – ei sjøbud, også dette med teglsteintak.
Erik Johannessen (1830-1909), som hadde drive handel på Haugsholmen fram til han gjekk konkurs i 1888, dreiv handel på Haugen i åra 1888-90. Erik var gift med Sara Einarsdtr. Haugen (f. 1849), og var altså svoger til Hans som bygde buda.
Erik Johannesen gav opp handelen på Larsnes i 1890, og flytte til Kristiania. Svogeren Hans overtok eigedomen, og leigde den dei komande åra ut til fleire ulike handelsmenn. I 1903 selde han til Rasmus Seljeseth (1851-1933), som dreiv handel her fram til sonen John R. Seljeseth (1890-1964) overtok rundt 1920. John la ned handelen i 1943
Etter 2.verdskrigen gjekk transporten meir og meir over på land, og Larsnes vart mindreviktig som sentralhandelsstad.
Buda blei tatt ned og frakta til museet i 1969, men først i 1992 hadde museet midlar nok til å bygge opp att “Larsnesbuda”.
FLYDALSMIA - EMBLEM, ÅLESUND 1937
Les meir
Flydalsmia stod på garden Ytrebø på Østrem i Emblemsbygda.
Det var Karl Flydal (f. 1914) som bygde smia i 1937, for å skaffe seg ekstrainntekt i tillegg til gardsbruket. Ljåproduksjon var ein viktig del av verksemda, men smia vart òg driven som ein liten mekanisk verkstad for reparasjon av landbruksreiskap og maskiner.
Smia var utstyrt med ambolt og ei stor esse med elektrisk driven innblåsing av luft. I tillegg var der fjørhammar, dreiebenk, søyle-boremaskin og smergelskive/pusseutstyr. Alt var elektrisk drive med reimoverføringar. Smia vart seinare påbygd for å få plass til sveiseverkstad.
Sjølve bygningen er ny, men bygd på same måten som den gamle, med same dimensjonar på reisverket.
FJORDMANNSTOVA - FOSNAVÅG, HERØY 1868
Les meir
Frå gammalt av har mest alle bønder på Vestlandet drive fiske når gytefisk som sild og torsk kom under land. Mange dreiv òg fiske mellom onnene vår og haust, om dei slapp frå gardsarbeidet.
På Sunnmøre var det særleg torskefisket som var viktig. På åttringsbåtane var det 7 mann i arbeid. Dei reiste ut om morgonen og kom innatt om kvelden. Vintersdag var det ikkje mogeleg å sove om bord i opne båtar. Heller ikkje kunne fjordakarane reise heim kvar kveld fråfiskefeltet - dei laut skaffe seg husvære ute ved kysten.
Slikt husvære ordna dei ved å ta inn hos folk ute på øyane, eller ved å bygge seg eithus - ei rorbu. Desse husværa kalla øyværingane fjordmannstover etter folket som eigde dei. Eigarane sjølv kalla dei fiskestover eller brakker.
Fjordmannstova på museet vart kalla Ulvestad-brakka. Den vart oppsett i Fosnavåg i 1868 av Lars E. Ulvestad og Rasmus R. Feden frå Dalsfjord i Volda. Dei førte kvar sin åttring og trong hus til mannskap og vegn.
Huset har to gruer, ei i kjellaren til trankoking og ei i vestrommet, som var kjøkken. Dei første åra vart grua i kjøkkenet nytta til matlaging, seinare fekk dei kokeomn i midtrommet.
Midtrommet var opphaldsrommet for dei to båtlaga. Her stod matbordet med delestrek tvers over. Her var òg sengeplass til kokka og tomann. Dei andre tolv hadde soveplass på loftet. Enderomma er oppsett i stavverk. Dei vart nytta til å setje frå seg nistekista, sjøskrina, skyrholkar og til fiskevegn.
Fjordmannstovene og dei opne fiskebåtane høyrde saman. Då dekksbåten kom, med lugar og motor, var tida for desse husa over.
Restaurering 2024
Hausten 2024 starta arbeidet med restaurering av Fjordmannstova. Dei gamle vindua vart sette i stand, nytt tak vart lagt og taksperre skifta ut.
Når den nye taksperra skulle dimensjonerast, nytta ein rying. Eit tradisjonshandverk der ein fjernar barken frå trestammen ved hjelp av ei rye eller ei barkeøks. Ved å skrelle bort barken kan treet tørke betre og bli meir motstandsdyktig mot råte og soppangrep.
BÅTSKOT - BJØRKEDALEN, VOLDA
Les meir
Eit båtskot er ein verkstad til å byggje båt i, og slike hus høyrde til i tunet på mange gardar i Bjørkedalen. Dette båtskotet kjem frå Pe-garden.
Det har vore bygd båtar mange stader på Sunnmøre. Dei fleste båtane vart bygde der ein fann høveleg fureskog til båtbord. I Bjørkedalen var skogen ekstra godt eigna. Her var båtbyggjinga eit bygdehandverk, ei viktig utkome ved sida av gardsbruket. I 1930 var det 23 bruk i bygda, og på alle bruka bygde dei båtar.
Båtskotet er eit grindbygd hus. Ei grind består av to stolpar eller stavar bundne saman med ein bete. Skråband mellom stav og bete stivar av grinda. Skråbanda i båtskotet er ekstra boga for å gi best mogleg plass til handtering av material. Eit grindbygd hus er bygd med to eller fleire grinder, avhengig av lengda på huset. Grindene vart samanbundne med ein langsgåande raftall eller ei stavlægje.
Konstruksjonen vart brukt i løer, utmarksløer, naust, sjøbuer, båtskot og torvhus, gjerne hus der det skulle være god lufting. Husa er i slekt med langhusa frå vikingtid/jernalder, stavkyrkjene våre og moderne reisverkskonstruksjonar.
Ein langsgåande ås, “streta”, er hengt oppunder betane midt i båtskotet. Streta vart nytta til å stø kjøl og stemner og til å halde bordgangane i stilling når båten vart bygd. I veggane er det luker slik at ein kunne ta inn lange bord og kjølmaterial.
Huset vart teke ned hausten 1965, og sett opp på museet i 1966. Ein del av bordkledinga er skifta i seinare tid. Dei nye borda er i kvalitet lik dei gamle, og arbeidet er gjort på same måte som opphavleg.
KYRKJEBUDER - SLØGSTAD, STRANDA 1700-TALET
Les meir
Desse fem budene er alt som er att av dei 60 budene som ein gong stod i rad og rekkje mellom kyrkja og nausta på Stranda. Vi kjenner til slike buder frå kyrkjestader på Sunnmøre heilt frå mellomalderen av, mellom anna i Valldal.
Budene vart brukte som lagerhus. Varer som skulle med jekta til Trondheim om våren, vart rodd, kløvja med hest eller bore på ryggen til bodene om vinteren, og lagra der. Like eins vart varer som var kjøpte i byen, lagra her og tekne heim etter kvart.
Budene kom òg godt til nytte ved kyrkjeferder og tingmøter. For mange tok desse ferdene gjerne heile dagen, og i budene åt dei og skifta til kyrkjeklede. Når preika var over, tok dei staskleda av seg i buda, og der låg dei til neste preikesøndag i lag med salmebøker, kleskost og andre nytteting.
Budene er stort sett like, med eit tømra stoverom og ein stall i stavverk for enden. Nokre buder har loft over stoverommet. Innbuet er bord, faste benkar og knaggar, og kister til klede.
Det var særleg bøndene framme i Strandadalen som åtte budene. Dei hadde beiterett forhesten ved buda “så langt reipet rakk”.
Som tida gjekk, voks det opp ein strandstad kring budene, med butikkar og kai. Etter kvart som bilane kom, vart det ikkje meir bruk for budene, og dei måtte vike for det som i dager sentrum i bygdebyen Stranda.
BORGUND FRI- OG FATTIGSKULE - BORGUND, ÅLESUND 1743
Les meir
I 1739 kom den første skulelova i Noreg som gjaldt alle barn på landsbygda, både jenter og gutar. Skulen vart kalla allmugeskulen, fordi den skulle vere for heile allmugen, altså folk flest. Den vanlege skuleordninga var omgangsskule, der læraren gjekk rundt frå bygd til bygd og samla borna frå dei nærmaste gardane til skule i heimane til folk nokre veker om gongen. Nokre få stader vart det bygd eigne skulehus.
Soknepresten i Borgund, Augustinus Meldal, gav dette huset til "Borgund fri- og fattigskule" i 1743. Skulen var for fattige born i soknet, og vart ein internatskule for 12 elevar i gongen. Elevane fekk fri kost, husvere og undervisning ved skulen. Annan- eller tredjekvar månad var det elevbyte. Skulen vart driven av ein lærar og ei hushaldarske.
Deler av huset er truleg frå eit eldre hus, men slik det no står, er skulehuset bygd slik skikken var blant embetsfolk i byane og på bygdene ved midten av 1700-talet. Slike hus hadde alltid inngang midt på hovudfasaden. Bak gangen var kjøkkenet plassert. Frå gangen kom ein inn i ei stove til kvar side.
Skulestova var i stova til høgre nede. I andre høgda var det sovesal. Veslestova nede var læraren sin bustad. Oppe budde ho som var hushalderske.
KVERNHUS - STAFSET I SKODJE, ÅLESUND
Les meir
Kvernhus som dette var å sjå over heile Sunnmøre der det var ei elv som var såpass stor at ho kunne få fart på vasshjula. Nokre stader stod det kverner frå fleire gardar etter kvarandre nedetter elva.
I kvernhusa fekk bøndene malt kornet sitt. Her på Sunnmøre var det mest havre.
Nokre kverner kunne berre brukast om våren når snøsmeltinga gav flaumvatn nok, andre var sikre året rundt. Det var mange slike kverner på Sunnmøre for hundre år sidan. Berre i Volda og Ørsta var det 284 kverner.
SLETTEREITSTOVA - RAMSTADDALEN, SYKKYLVEN 1836
Les meir
Slettereitstova var opprinneleg stovehuset på husmannsplassen Slettereit under garden Klokk, no i Sykkylven kommune. Huset vart reist på Sunnmøre museum i 1947.
Bernt Pedersen Melset fekk bygselsetel på plassen i 1836 og vart eigar i 1840. Plassen vart dreve som småbruk.
I 1862 vart stova bygd om. Slettereitstova fekk då veslestove, gang og kjøkken, storstove med røykomn, kammers og kammersloft.
Storstova fekk dekorasjon i ådringsteknikk etter at røykomnen vart fjerna i 1865. Vi veit ikkje kven som har utført dette flotte målararbeidet, men det kan vere Ingebrigt Strømme eller Jens Drabløs. Desse sykkylvsmålarane var mykje brukt. Dei måla gavltrekantane i mange sykkylvsstover med svarte roser på kvit botn. Slik dekor finn vi imidlertid ikkje i Slettereitstova, der veggane i storstova er ådra. Ådringa er avslutta med ein bord av geometriske figurar i sjablongdekor. På beten er det sjablongdekor i raudt.
SKODJESTOVA - KRISTENGARDEN, SVORTA I SKODJE, ÅLESUND 1753
Les meir
Stova vart bygd som eit treromshus i 1753. Seinare vart det bygd til eit vedskot med inngang frå utdøra (gangen). Langsetter baksida av huset bygde dei på ein skjå eller svalgang. Dørene ut til desse kan ein framleis sjå.
Skodjestova er eit godt døme på ein hustype som var vanleg på Sunnmøre frå slutten av mellomalderen (1500-talet) og fram til om lag 1850.
Eldstaden vart kalla røykomn. Det er ein eldstad oppmura av stein og leire, utan pipe. Røyken frå omnen gjekk gjennom ljoren i taket. Den vanlegaste plasseringa av røykomnen var mot kammersveggen eller gangen. Dei fyrte i det smale fyrholet. Kokeplassen, grua, er oppmura framfor fyrholet. Dit rakte dei ut glørne når dei skulle koke.
Røykomnen var vanleg over heile Vestlandet, og vart rekna som meir brenselsparande enn peisen. Det kom vel med i trefattige strok. I Borgundkaupangen er det funne ein eldstad datert til ca. 1100 som liknar dei seinare røykomnane.
Skodjestova er møblert slik folk flest hadde det i tida 1750-1800. Det finst ikkje måla ting i interiøret. Den dekoren som var mest vanleg på bruksting og pynteting, var karveskurden, ein enkel geometrisk dekor, skoren med kniv.
HÅVOLLSTOVA - HÅVOLL, ØRSTA 1847
Les meir
Stova vart bygd i 1847 av Arne Sjursen Håvoll med nytt materiale frå Bjørkedalen i Volda. Huset skil seg slik frå tradisjonen med gjenbruk av material og husdelar som vi elles ser mange eksempel på i tunet.
I samtida var stova sett på som ei av dei flottaste på Ørsta-stranda og vart nytta til religiøse møter heldt av både prest og lekpredikant.
I hovudrommet både sov og kokte husfolket. Huset har hatt kokeomn frå det var nytt og koven vart brukt som soverom, gjesterom, og seinare kjøkken.
Kårenden har eiga grue som var felles for både familien til bonden og kårfolket.
Huset var i bruk heilt fram til 1926 då folket på garden flytta inn i ei ny stove.
Slik husa er plassert her er døme på korleis gardane kunne sjå ut fram til 1850-talet; mange mindre hus med ulike funksjonar.
FOLLESTADSTOVA - FOLLESTAD, ØRSTA 1600-TALET
Les meir
Follestadstova er ei røykstove, med eit tømra stoverom og gang eller utdør av reisverk. Slik stova står i dag, er ho eit døme på korleis husa kunne sjå ut på 1500- og 1600-talet.
Huset har vore ombygd og nytta på ulikt vis opp gjennom tidene. Den høge muren og vindauget har kome til i seinare tid.
Huset vart først nytta til bustadhus, sidan vart det arbeidshus med høvle- og dreiebenk, bakstebord og ei stor helle på røykomnen der ein tørka korn og malt til ølbrygging.
Gangen med steinsett golv var til lagring av større trekjørel som bakstetrau og bryggjekar. Gangen langsetter huset, skotet, vart nytta som vedahus til å lagre ved i.
Vi veit at hus med eitt, to eller tre rom har vore i bruk som bustadhus på gardar og plassar langt attende i tida. I bygningshistoria vart hus med eitt rom rekna som dei eldste. Kva slags hus folk bygde, varierte etter den lokale byggeskikken, etter kva dei hadde behov for og kva dei hadde råd til.
SENGABUD - ÅM, ØRSTA 1600-TALET
Les meir
Sengabuda var ofte stashuset på garden. Her var det sengeplass for gjestar, og her lagra dei alle verdfulle tekstilar som fanst på garden.
Sengebuda frå Åm i Ørsta er truleg museets eldste hus. Det fine ovaltelgja tømmeret tyder på siste halvdel av 1500-åra. Buda er ikkje frå middelalderen, men er bygd i middelaldersk byggetradisjon.
Sengebuda har vore ombygd fleire gonger. I 1865 vart buda flytta og samanbygd med stovehuset på garden. I tida fram til 1908 vart buda nytta til daglegstove, og seinare til soverom i nokre år.
STABBUR - HOVDENAKK, ØRSTA 1600-TALET
Les meir
I stabbura lagra folk korn, flatbrød, salta og tørka kjøt og fisk. Hovdenakkstabburet har to lagerrom, eit for sjølvfolket og eit for kårfolka - dei gamle folka på garden.
Stabburet frå Hovdenakk kan vi truleg datere til 1600. Her har vi ein annan måte å forme tømmeret på enn på sengebuda frå Åm. Her er det brukt kjølforma eller spissmaga stokkar som vart den nye moten på denne tida. Både Hovdenakkstabburet og sengebuda frå Åm viser godt tømrarhandverk der store dimensjonar er nytta.
Frå slutten av 1500-talet og fram mot 1650 vart Sunnmøre på det næraste avskoga. Det vart mangel på godt bygningstømmer, og bygningsmaterial vart dyrare å skaffe. På denne tida tok folk til å bordkle husa sine, slik at dei varte lenger. Når veggane vart skjult av bordkledning, var det ikkje lenger så viktig med godt handverk på innsida.
LIABYGDSTOVA - ELLINGGARDEN PÅ OVERÅ, STRANDA 1856
Les meir
Stova vart bygd i 1856, og inneheld røykstove med gang, kjøkken og endekammers. Stova vart opphaveleg bygd med røykomn i høgre kråa, men fekk etter kort tid jernomn til oppvarming av stoverommet. Ljoren, der røyken gjekk ut, kan ein framleis sjå i taket. Kjøkkenet er ikkje stort, og for å spare på plassen, vart grua og bakaromnen bygd utanpå huset.
Opp gjennom tidene har huset blitt brukt til ulike formål. Ei tid var det kårstove, der dei gamle gardsfolka budde. Frå 1866 veit vi at huset fungerte som mass-stove: Huslyden flytta ut i mass-stova om sommaren og nytta den som sovehu sog til matlaging. Om vinteren vart huset nytta som arbeidsrom.
FRAMGARDSSTOVA - HABOSTAD, STRANDA 1831
Les meir
Huset vart bygd av Lars Sjurson Habostad (1790-1866). Denne hustypen var vanleg i indre fjordstrok på Sunnmøre frå slutten av 1700-talet og fram mot 1850-åra. Framgarden var eitt av dei fire bruka på garden Habostad. På Sunnmøre museum kan du sjå tre hus frå Habostad: Framgardsstova og Nystova (sengabud) frå Framgarden, og Bakkestova frå Bakkegarden.
Opphaveleg var huset ei røykomnstove, truleg bygd i 1831. Seinare (etter 1854) vart det påbygd slik det står no, med kammers, kammersgang og sengeloft.
I stova var det langbord med benkar slik skikken var, og det hang eit skap på veggen ved langbordet. I kråa ved kammersdøra hang ei hylle. I kråa ved utgangen stod det ein jernkomfyr. Inne i kammerset var det ein kokeomn, ei seng, eit bord og ein stol. Dette var tenestejenta sitt rom, og det einaste rommet som hadde gardiner. Oppe i andre høgda med trapp frå kammersgangen, var veggfaste senger. Det var soveplassen til tenestegutane.
På eine gavlveggen hadde Framgardsstova eit skòt: eit tilbygg til oppbevaring av torv til torvstrø som dei nytta i fjøset - truleg òg torv til å brenne. Doen var plassert her, rett innafor døra. Døra på den andre gavlveggen vender ut mot“sørpehola”. Her slengde dei alt som kunne bli til gjødsel.
Framgardsstova var i bruk til 1933.
Restaurering 2024
Viti startar opp eit større restaureringsprosjekt av Framgardsstova, i nært samarbeid med Fylkeskonservator i Møre og Romsdal. Bygninga har alvorlege roteskader fleire stader, og det må gjerast grunnarbeid for å hindre framtidige fuktskader.
BAKKESTOVA - HABOSTAD, STRANDA 1867/1876
Les meir
Slike lange hus der fleire generasjonar budde saman, er typiske for gardane på indre Sunnmøre mot slutten av 1800-talet.
Kårstova inn til venstre vart bygd i 1867. Storstova til høgre erstatta ei eldre stove i 1876. I kårstova heng gamletida att med røykomnen. Storstova var også bygd med røykomn, men den vart snart erstatta av ein jernomn. I kjøkkenet er det grue og steinmura bakaromn.
Inndelinga av huset i stove, kjøkken og kammers høyrer denne tida til. Tidlegare hadde stoverommet alle desse funksjonane.
I siste delen av 1800-talet vart det etter kvart slutt med at tenestefolk og eldre barn sov i fjøset. No kunne dei finne seg soveplass inne, til dømes på eit av lofta.
Storstova er innreidd på tradisjonelt vis, med langbord og benkar. Bordet står langs tverrveggen, og høgsetet er ved bordenden. Vaksne mannfolk sat langs veggen, medan ”framsetet” var for kvinner, barn og tenestefolk.
Innanfor gangdøra til høgre er koppekråa, med hyller for kjerald av ymse slag. Omnskråa er innanfor døra til venstre. Vidare rundt har vi klokkekråa, der veggklokka heng. I denne kråa hadde oftast husmora tinga sine: finare sysaker, medisin, prydting og liknande. I høgsetekråa hadde husbonden sakene sine i eit veggskap: bibel, salmebok, brennevinsflaske og anna som vart teke fram ved særskilde høve.
Samanliknar vi med dei gamle røykstovene, ser vi at større vindu og noko dekorativ måling har kome inn i interiøret. Mange av skapa og bruksting elles er rosemåla.
OPSHAUGLØA - STRANDA 1863
Les meir
Løa vart bygd i 1863, og vart rekna for den sværaste som fanst i bygdene ved Storfjorden.
Dei lange, låge husa som mange kallar «sunnmørsstover», avløyste dei gamle røykomnstovene i tida etter 1850. Eit eksempel er Bakkestova frå Stranda. Her finn vi stove, kårstove, sengabud og kjøkken (eldhus) i eitt hus. Med dei nye husa vart det slutt på at store delar av huslyden hadde sengeplassen sin i fjøs, sengabud og stabbur.
Same utviklinga ser vi når det gjeld uthusa. Fleire funksjonar vart bygd saman i større løebygningar som inneheld løe, kufjøs,sauefjøs, stall og vognskjul. Under fjøset vart det bygd gjødselkjellar i stein i pakt med nye ideal i landbruket.
GARDSSMIE - ÅRSÆTER, ØRSTA
Les meir
Stein vart nytta som byggemateriale mange stader på Sunnmøre. Steinmuring vart nytta i smier, eldhus, naust, seterhus, sommarfjøs, til husmurar og potetkjellarar.
Steinen vart lagt opp i såkalla tørrmur. Det vart nytta stein frå steinbrot eller røyser nær ved, og steinen var lite bearbeida.
LÅNASTOVA - VIK, SYKKYLVEN 1860
Les meir
”Vikstova” er bygd i to bolkar. Den eldste delen, med stova, kjøkkenet og gangen, er truleg bygd på 1700-talet.
Stova har hatt røykomn i hjørnet der kjøkkenbenken og jernkomfyren no er. I taket ser vi ljoren der røyken gjekk ut. Huset vart påbygd kring 1860 med finstove og eit lite kammers i eine enden, og eit større kammers og kammersgang i andre enden.
Gamlestova er dekorert med svarte roser på kvit botn på gavltrekantane og dei øvste borda. Dette var vanleg dekor i Sykkylven i siste halvdel av 1800-talet, og heng saman med den gamle tradisjonen med ”kritkroting” på dei øvste stokkane på veggen. Desse stokkane vart ikkje vaska, og var svarte av sot frå røykomnen. På stokkane teikna (krota) ein enkle mønster med kvitt eller raudt kritt. Målinga vart utført av Ingebrigt Strømme i 1870-80-åra.
DALSBYGDA SKULE - NORDDAL 1889
Les meir
I 1860 kom ei ny skulelov som kravde faste skulehus i alle skulekrinsar. Før hadde læraren gått frå grend til grend og samla borna til skule i heimane tilfolk. Totalt vart det bygd om lag 5000 skulehus på landsbygda i Noreg i åra etter 1860. Dalsbygda gamle skule er eit godt døme på korleis desse husa var innretta. Skulen har eit stort skulerom, gang og materialrom, og eit stort loft. Ofte budde læraren på loftet, men i Dalsbygda skule stod loftet ubrukt. Skulerommet er luftig med stor takhøgde og store vindauge. Det var sunnheitskommisjonane som kravde at skular og andre forsamlingshus skulle byggast for å fremme god helse for folket som brukte dei.
YTTERLANDSTOVA - VALDERØYA, GISKE 1841
Les meir
Huset er frå Ytterland på Valderøya, bygd i 1840 -41. Huset er 16x8 meter i ein og ein halv etasje. Det er eit tidleg døme på den hustypen som kallast midtkammer- eller midtgangs-bygning. I slike hus går det dører til alle romma frå eit rom i midten av huset.
Hustypen kom frå det europeiske borgarskapet, og vart etter kvart spreidd på bygdene i Noreg med prest og lensmann, handelsmann og byborgar. Etter kvart vart hustypen vanleg på sunnmørsbygdene, først i ytre strok. Det er fleire grunnar til at denne hustypen slo igjennom. I ytre strok var det vanleg å fyre med torv i opne røykomnar. Hus med jernomnar og skorstein var ei heilt klar betring av butilhøva.
Samtidig slo torskefisket til med høge prisar på fangsten. Fjordafolk som ville ta del i fisket, trengte losji. Det lønte seg å ha store hus med god plass på loftet. Her kunne ein tene pengar på å innlosjere fiskarar. I Ytterlandstova var det plass til 30 fiskarar i dei to romma på loftet, og i den store grua på kjøkkenet kunne to kokker lage mat på ein gong. Kring 1900 fekk folket i Ytterlandstova 2 kroner av kvar fiskar for losjiet.
Det var Knut Ytterland som sette seg opp dette huset i 1840. Frå ein skogsteig han eigde på fastlandet henta han seg materiale som han frakta til Valderøya på åttringen. Det var dugnadsarbeid å få køyrt materialen til gards, og det var sannsynlegvis med hjelp av dugnadsfolk og leigde fagfolk han fekk sett opp det nye huset.
På det meste var her 14 fastbuande i huset. Storstova i huset var mykje brukt, og her stod det langbord og benkar. Her vart det halde religiøse møter, avholdsmøter og bryllaup. 18 gongar var det samla til bryllaup i stova. Om hausten kom vevstol og rokk opp i stova, og karane tok inn fiskegarna til reparasjon.
Darius Ytterland, oldebarn av Knut, gav huset til Sunnmøre museum på 1970-talet. Stova stod ferdig innreidd i 1980.
ÅKRE BEDEHUS - HARAM, 1889
Les meir
Åkre bedehus stod ferdig i 1889, etter dei store religiøse vekkingane på 1880-talet, som sette preg på trusliv, kultur- og næringsliv på Sunnmøre heilt fram mot vår tid.
Bedehuset var, ved sidan av skulen, eit sentralt forsamlingshus på Åkre og Haram. Her har det vore tallause møter, basarar, skule, turnforeining.
Åkre bedehus er mellom dei eldste og best bevarte bedehusa på Sunnmøre. Huset har gjennomgått fleire endringar og tilpassingar i løpet av dei 110 åra det har fungert som bedehus. I 1948 vart det kledd med eternit utvendig og plater innvendig. I 1966 vart det sett opp eit tilbygg med kjøkken og toalett.
Då huset vart flytta til museet i 2016, blei det sett opp med utvendig panel, vindauge og inngangsdør slik det var originalt. Tømmerveggane innvendig er òg henta fram, og ein tok med det som var av bevart inventar.