English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Musea

Arrangement

Utstillingar

Formidling

Lukk

Kunnskap

 23. – 28. januar 1942: Operasjon «Demobilyse» og «Antrum»

Kompani Linge var ei gruppe nordmenn som, etter spesialtrening i Storbritannia, vart sett inn i det okkuperte Noreg for å utføre sabotasjeaksjonar mot fienden og instruere heimestyrkane.

I midten av januar 1942 fekk skipper Sevrin Roald beskjed frå Kompani Linge om å gjere MK Heland klar for ein ny tur til Shetland.

Karl Johan Aarsæther som var agent i Kompani Linge, skulle vere med som passasjer. Aarsæther hadde vore på eit kort oppdrag i Ålesund, og skulle tilbake til London.

Veret var dårleg, og dei følgde leia sørover. Første stopp var Florø, der eit varselskot frå ei tysk festning sette ein midlertidig stoppar for reisa.

Sevrin måtte opp til det tyske hamnekontoret som ga beskjed om å vente til neste dag. Det vart ei uroleg natt.

Dei starta tidleg om morgonen 24. januar, ilag med andre fiskebåtar. Først gjekk dei i retning Solund, og så vestover. Trass i storm og høge bølger, kom dei fram til Shetland etter 18 timar.

Retur til Noreg - og Vigra
Sevrin ville tilbake til Vigra med ein gong. Fiskepasset gjaldt berre for 8 dagar mellom kvart stempel, og dei ville fiske sild undervegs for å ha noko å vise fram.

Samstundes vart Karl Johan Aarsæther sin bror, Knut Aarsæther, kontakta av major Malcolm Munthe i SOE (Special Operations Executive var ei britisk hemmeleg militæreining i London).

Munthe ville at han skulle vere med Heland på turen tilbake.

Knut var radiotelegrafist og fekk i oppdrag å reise tilbake til Ålesund for å reparere radiosendaren i «Antrum»-stasjonen.

I tillegg skulle dei ta med ein våpenlast til Hamnøya (utanfor Ålesund): 3 500 handgranatar, 50 tommygun og 16 maskingevær, ei mengd ammunisjon pluss anna stoff. Totalt 14 tonn last.

Returen blei gjennomført -og vellykka.

Mannskap:

  • Sevrin Olav Roald (skipper)
  • Jon Bernt Roald
  • Nils Johan Molsnes
  • Sverre Johan Molnes

Les meir om MK Heland her

Kjeder nytta i artikkelseriane

  • FISKEKUTTAREN MK HELAND
  • MK HELAND OG 2. VERDSKRIG