English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Lukk

2. – 5. trinnet: Steinalderkoffert

Steinalderkofferten fortel om den fyrste tida det budde menneske i Møre og Romsdal. 
Gjenstandane i kofferten, som elevane får kjenne på og bruke, er kopiar av funn gjort i Møre og Romsdal. Vi har òg med ein kopi av eit trekstilfunn – kleda ismannen Ôtzi hadde på då han vart funnen etter fem tusen år i isen. Elevane får mellom anna skyte med pil og boge, slå eld og spikke med flintkniv. 

Musea i Møre og Romsdal kjem til skulen og formidlar i eit egna uteområde i nærleiken. 
Vi har med ein god del utstyr, og treng difor berehjelp.
Elevane må ha gode varme klede og eit sitjeunderlag.
Vi brenn bål, og skulen må difor melde frå til brannvesenet om dette.
Skulen tar med ved til bålet, og om de ynskjer det kan de og ta med deig til pinnebrød eller pølser.
Det må vere med ein lærar per tiande elev. Maksimum 30 elevar.

Skulen kan bestille tilbodet via kulturavdelinga på fylket. Normal er bestillingsfristen 15. mars for kommande skuleår.

  • Tilbod via: DKS Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Tilbod til: 2. – 5. trinnet