English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Lukk

DKS Møre og Romsdal

3. – 7. trinn: Jarnalderkoffert

Jarnalderkofferten lærer oss om tida då vi begynte å bruke jern i reiskap, våpen og smykke. Gjenstandane i kofferten, som elevane får kjenne på og bruke, er kopiar av funn gjort Noreg. Vi har òg med klede som er kopiar frå denne tida. Vi formidlar frå tidleg jarnalder med romerske funn, til slutten på vikingtida. Elevane får mellom anna smi jarn, risse runar, leike på vollen og skyte med pil og boge.

Musea i Møre og Romsdal kjem til skulen og formidlar i eit egna uteområde i nærleiken. 
Vi har med utstyr til å smi, skyte med pil og boge med meir.
Elevane må ha gode varme klede og eit sitjeunderlag.
Vi brenn bål, og skulen må difor melde frå til brannvesenet om dette.
Skulen tar med ved til bålet, og om de ynskjer det kan de òg ta med deig til pinnebrød eller pølser.
Det må vere med ein lærar per tiande elev. Maksimum 30 elevar.

  • Tilbod via: DKS Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Tilbod til: 3. – 7. trinn
  • Elvtal: Ei klasse på opptil 30 elevar i gongen

Skulen kan bestille tilbodet via kulturavdelinga på fylket. Normal er bestillingsfristen 15. mars for kommande skuleår.