



Møbelmuseet – Sykkylven
Møbelmuseet i Sykkylven inviterer til temakveld der vi set fokus på industri- og vareproduksjon i Sykkylven før møbelindustrien vart stor.
19 Mar, kl. 18:00 – 19:30
I Sykkylven har møbelindustrien vore sentral dei siste hundre åra, men industriverksemd fanst i kommunen også tidlegare.
Ei av dei første bedriftene på Sunnmøre var Aure Teglverk, etablert i 1814, som produserte takstein og teglstein. Sykkylvingane utnytta tidleg berggrunnsressursar, som sandstein frå Sandberget og koparkis frå Melsetsætra.
Industridrift starta ofte som attåtnæring for gardbrukarar, med rokkedreiing, snekring og smedarbeid. Andre viktige næringar var vedsal, tarebrenning, klippfisktørking og is-produksjon. Etter Ålesundsbrannen i 1904 vart ein sementvarefabrikk etablert, og industrien voks.
Tidlege arbeidsplassar for kvinner kom med konfeksjonsindustrien, der Confektionsfabrikken Fønix i 1920-åra var den største industribedrifta. Denne næringa bidrog også til å kvalifisere arbeidskraft til møbelindustrien, som utover 1930-talet vart dominerande.
Onsdag 19. mars kl. 1900 vil historikar Eldar Høidal og andre fortelje om industrien i kommunen før møbelindustrien vart stor.
Dato: Onsdag 19. mars kl 19:00
Stad: Møbelmuseet, Storgata 18, Sykkylven
Pris: Gratis
Foto: Blindheim Cementvarefabrikk
Foto: Kopperverket på Melsetsætra av Kjell Løseth
Foto: Ole Johan Ramstad med rokkar
Teikning: Av Aure teglverk - tegnet av Odd Holen