English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Musea

Arrangement

Utstillingar

Formidling

Lukk

Aktuelt

 Ny fagdirektør for kunst i Viti

Benedikte Holen (36) er tilsett som ny fagdirektør for kunst i Viti. Kunstavdelinga i Viti forvaltar og driv Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund og Anders Svor-museet i Volda.


- Med Benedikte Holen har vi fått ein fagleg sterk leiar som skal leie kunstavdelinga gjennom fornying og satsing på kunst i Viti. Eg gler meg til samarbeidet, seier administrerande direktør i Viti, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Benedikte Holen kjem frå Ålesund og har ein master i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen og har i tillegg utdanning på masternivå i skapande kuratorpraksis frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen. Ho har brei erfaring frå kulturfeltet og har mellom anna arbeidd ved KODE i Bergen og Bymuseet i Bergen. Ho har og vore frilansskribent, gjesteforelesar og sensor, og hatt fleire styreverv. Holen kom til Jugendstilsenteret og KUBE 2013 der ho har vore tilsett som kurator.
 
Holen har hatt faglege utanlandsopphald i New York og Gdansk. Ho har omfattande prosjektleiarerfaring og har kuratert fleire store utstillingar, mellom anna den nyopna utstillinga på KUBE «Marit Helen Akslen: Lost connections».

-Etter fleire år som kurator ved Jugendstilsenteret og KUBE går eg til stillinga som fagdirektør for kunstavdelinga i VITI med glede og entusiasme. Eg ønsker å bygge vidare på museets historie gjennom ei sterk fagleg og dynamisk programmering i tråd med VITI sine ambisjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Museet har eit stort potensial når det gjeld sitt nasjonale ansvar for jugendstilen og som største kunstinstitusjon i regionen. Eg ser fram til å arbeide saman med dei dyktige tilsette i museet, for å styrke kunstavdelinga sin profil og vidareutvikle Jugendstilsenteret og KUBE og Anders Svor-museet i godt samspel med vårt publikum, seier Benedikte Holen.

Holen tek over etter Gro Kraft og Tove Lande, som har vore konstituert i eit år.
- Vi takkar Gro Kraft som har løfta kunstavdelinga over fleire år og Tove Lande, som stødig har leia kunstavdelinga siste året, seier Rotevatn.

Benedikte Holen startar i stillinga allereie i november. Kunstavdelinga er i gang med ei stor fornying av Anders Svor-museet i Hornindal og har ambisiøse planar for utvikling av arenaene i Ålesund sentrum. Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund og Anders Svor-museet i Hornindal i Volda er ei fagspesialisert avdeling i Viti. KUBE er samtidskunstmuseet i og for heile Møre og Romsdal fylke. Viti er det konsoliderte regionmuseet på Sunnmøre og er største kulturarbeidsplassen mellom Bergen og Trondheim.

Benedikte Holen ny fagdirektør for kunst i Viti