Aktuelt
Er du mellom 13 og 19 år? Er du ein blid type og likar å vere saman med andre? Har du litt peiling på marknadsføring? Kan du tenkje deg å lære meir om natur?
Naturmuseet treng 4 ungdomsambassadørar som kan hjelpe oss å sparke i gang eit tilbod til unge i alderen 13 til 19 år. Ambassadørane skal vere med å planlegge og marknadsføre aktivitetar der unge kan få meir kunnskap om ulike naturfagområde.
Første aktivitet er å møte ein geolog på Åknes Tafjord Beredskap/Beredskapsenteret NVE, Stranda.Oppdraget blir honorert.
Send ein kort søknad til oss der du fortel om deg sjølv og kvifor du har lyst å vere ungdomsambassadør til Naturmuseet.
Søknadsfrist: 17. mars
Søknad sendast pr. e-post til: magnhild@vitimusea.no
Kontakt: 97045640 Magnhild Vatne/ 98096723 Ingvill Naalsund
Prosjekt støtta av Sykkylven energi