Aktuelt
Stiftelsen Kjell Holm støttar ny attraksjon i Ålesund!
Viti takkar Stiftelsen Kjell Holm for støtte på 50 000 NOK til ny basisutstilling ved Sunnmøre museum! Dette er eit verdifullt bidrag til det som skal verte ein ny attraksjon i Ålesund. Utstillinga skal engasjere fleire, særleg ungdom, og ta opp forholdet mellom natur og samfunn på Sunnmøre, frå 1500 – talet og fram til i dag. Utstillinga skal opne sommaren 2022.
Jugendstilsenteret og KUBE har fått 70 000 kr i støtte frå Stiftelsen Kjell Holm til å opprette eit formidlingsrom. Formidlingsrommet skal vere eit fleirbruksrom for møte mellom kunsten og publikum. Her skal alt frå verkstader til foredrag og konsertar finne stad. Våre tilsette står klare til å fylle rommet med spennande aktivitetar for folk i alle aldrar, og vi håpar å få formidlingsrommet klart til bruk i løpet av våren 2022. Målet er at kunstmuseet, i enda større grad enn før, skal verte eit naturleg reisemål og eit samlingspunkt for folk i regionen.