English

Lukk

Aktuelt

Arrangement

Frivilligheit

Formidling

Heim

Kontakt

Kunnskap

Musea våre

Samarbeid

Utleige

Utstillingar

Kva ser du etter?

Om oss

Musea

Arrangement

Utstillingar

Formidling

Lukk

Aktuelt

 Kartlegging av trua naturtypar

Slåttemarka i Brudavolltunet i Ørsta er ein av lokalitetane av trua naturtypar statsforvaltaren i Møre og Romsdal skal kartlegge i år.

– Dette er gledelege nyheiter og avgjerande for vårt arbeid med slåtteenga framover, seier Magnhild Vatne og Cecilie Rørstad, ansvarlege for kulturlandskap i Viti, som driv Brudavolltunet.

Det er viktig for oss å samarbeide med statsforvaltaren i vårt arbeid med å forvalte og utvikle Brudavolltunet. Slåttemarka er ein sentral del av den historiske garden og slik også museet si formidling av landbruk og matproduksjon i fortid og notid.

Det å få kartlagt enga og deretter utarbeide skjøtselstiltak som tek vare på og styrkjer dei viktige engvekstane og reduserer bestandane av artar som ikkje høyrer til i slåtteenga, er av stor verdi.

Kartlegginga vil gje oss meir kunnskap om og oversikt over kva artar som veks i enga. Dette vil vere ein del av museet si formidling av det lokale artsmangfaldet og verdien av å forvalte sårbare slåtteenger som dette på ein måte som tek vare på enga for framtida.

I desse dagar er Viti i gong med vårarbeidet på garden. Vindfall etter stormane i vinter vert rydda vekk og veitene vert reinska for å hindre flaum og skade på gardstunet. I den gamle hagen har staudene begynt å vekse. Desse har vi markert for at dei skal verte lettare å sjå når lauv og kvist etter kvart skal fjernast her.